Rapport om virksomheten i 1996

Det juridiske fakultetsbibliotek


1. Overordna mål (samstemt med UB sitt mål)

Det juridiske fakultetsbibliotek (Ubbjur) er ein serviceinstitusjon primært for tilsette og studentar ved Det juridiske fakultet. Den primære oppgåva er å støtte opp om fakultetet og universitetet si forsknings- og undervisningsverksemd gjennom å stette brukarane sitt behov for litteratur- og informasjonstenester på best mogleg måte. I tillegg har biblioteket plikter overfor allmenta, særleg det juridiske miljøet i Bergen og på Vestlandet elles. Det juridiske fakultetsbibliotek er ein del av det totale pedagogiske og faglege tilbodet ved Det juridiske fakultet.
Biblioteket bør vere i forkant med å kjøpe inn litteratur og andre tenester (særleg elektroniske) i samband med nye fag- og innsatsområde ved fakultetet - og den teknologiske utveklinga.
Bibliotekutvalet, der fakultetet og studentane er representerte, skal sikre eit så godt samarbeid mellom biblioteket og primærbrukarane som mogleg.

Tilbake


Tilrettelagt av Finn.Solemdal@ub.uib.no - 2. mai 1997