UiB : Universitetsbiblioteket : Det juridiske fakultetsbibliotek : Arkiv

Ny nettside:

uib.no/ub


Det juridiske fakultetsbibliotek
Planar for 1997

Overordna mål står som punkt 1 i rapportdelen. Her gjer vi greie for nokre planar og prosjekt for 1997.

A. Det elektroniske juridiske biblioteket

Etter å ha kome rimeleg godt i orden med omsyn til samlinga (særleg at den er Bibsys-registrert, oversiktleg stilt opp og merka), og etter at vi har fått grepet om EU-dokumentasjon (særleg ved etableringa av EDC), er det neste store målet å få oversikt over, tilgjenge til, kunnskap om bruk av og brukarvenleg presentasjon av jus i elektronisk form. Det er ei stor aktuell og potensiell elektronisk juridisk verd som førebels både biblioteket, dei vitskapleg tilsette og - ikkje minst - studentane har for liten kunnskap om og for dårlig tilgjenge til. Vi har gjort viktige framsteg på denne fronten i 1996 ikkje minst takka være samarbeid med fakultetet - særleg ved edb-utvalet og edb-konsulentane. Også UB har spanande prosjekt på gang.
Men mykje står att. Framfor alt verkar publisering av elektronisk juridisk informasjon og juridiske kjelder på web spanande og brukarvenleg. Vi vil i 1997 halde fram med å styrkja våre web-sider. Biblioteket står i alle høve framfor store oppgåver. Vårt noko lauslege prosjekt er døypt Det elektroniske juridiske biblioteket. Vi reknar med å ha kome nokre viktige steg vidare også mot dette biblioteket i løpet av 1997.

B. EU-informasjon

Ubbjur har lenge meint at EU-informasjonen bør bli betre. Vi tok såleis i 1993 initiativ til at UiB blei tildelt et sk. «European Documentation Centre» (EDC) som mellom anna gir oss fritt tilgjenge til dei fleste offisielle EU-dokumenta og EU-databasane. Ein søknad frå UiB til EU-kommisjonen blei innvilga i 1995. Ubbjur fekk seinhaustes 1995 administrativt og fagleg ansvar for driften av EDC ved UiB. EDC er fysisk plassert ved Høgteknologisenteret i Bergen. Ubbjur vil arbeide for at senteret blir plassert ved Dragefjellet - i direkte nærleik til Ubbjur sine lokale - noko som vil gi ei rekke gevinstar i drift, personell, økonomi og publikum.
Det er eit mål å halde fram med å byggje opp ei god EU-samling, og å lære organiseringa og bruken av EU-rettskjeldene. Det gjer det nødvendig å bli knytt til og opplærd i bruken av ymse databasar. Kvaliteten på EU-dokumentasjonen er blitt langt betre i og med etableringa av EDC, endå betre vil det bli om lokaliseringa av senteret blir meir gunstig.
Dersom EDC ikkje blir plassert ved Dragefjellet, må Ubbjur sørge for å byggje opp ei god lokal EU-samling, med lokal kompetanse.

C. Dragefjellet

På Dragefjellet presenterer Ubbjur brukarane eit moderne, fullautomatisert bibliotek. I 1997 vil framleis noko tid gå med til å kome i orden og prøve ut, mellom anna ved vidare arbeid med oversiktleg og funksjonell organisering av samlingane og gjenfinningssystema - særleg viktig i og med den voldsomme auken i aktiviteten.
Vi vonar å få utvide opningstida ved å halde laurdagsope. Dette føreset auka personal.

D. Samlingar

Å få bestilt, systematisert og katalogisert nye bøker og tidsskrift - ved sida av CD-rom og databasar - er heilt sentralt i verksemda. Ubbjur reknar med at det gode samarbeidet med fakultetet via Bibliotekutvalet og litteraturprospektgjennomsynsordninga vil halde fram - ein føresetnad for å sikre den faglege kvaliteten på tilveksten.
Fakultetet har forsterka den internasjonale profilen sin gjennom Erasmus- og Nordplus-programma. Her møter Ubbjur utfordringar som gjeld oppbygging av samlingar og tenester med omsyn til EU-jus, flyktningejus og rettsfilosofi.

E. Bibliografisk verksemd. Formidling

Jacobsen held i 1997 fram arbeidet med revisjon av Juridisk fakultetsbibliografi og av L-katalogen. Kongshavn står for ulike bibliografiske arbeid og for undervisning i praktisk rettskjeldelære for førsteavdelingsstudentar. Ruud held fram med å lære opp enkelte videregåande studentar i Lovdata - slik at dei kan stå for undervisning i Lovdata for nye studentar. Dei månadlege tilvekstlistene vil halde fram i 1997, ved sida av anna informasjonsverksemd i form av brosjyrar ol. Generelt vil biblioteket søkje å inspirere sine tilsette også til bibliografisk verksemd og anna bibliotekfagleg arbeid som undervisning/opplæring, utstillingar, skriving.
Biblioteket sine tilsette søkjer å halde seg kontinuerlig og fortløpande informert om nye elektroniske tenester som moglege tilbod for våre brukarar.
Den noverande jubileumsutstillinga vil i 1997 bli avløyst av ny(e) utstilling(ar).
Generelt søkjer vi å delta der det synest naturleg å delta - ved sida av å halde ein aktiv og utoverretta profil.

F. Personale og personalutvikling

Biblioteket arbeider kontinuerleg med å auke staben. Målet er at (den faste) staben vil utføre åtte årsverk, i tillegg til halvtanna årsverk ved EDC. I mellomtida er ekstrahjelp naudsynt for å halde oppe - og aller helst vidareutvikle - produktiviteten og servicen.
Fakultetsbibliotekaren vil halde fram med årlege medarbeidarsamtaler i 1997 - ved sida av å fylgje opp HMS-arbeidet som alt har bore store frukter.
Å delta på kurs, seminar ol. er viktig for å halde vedlike og utvikle sin faglege dugleik. Det er dessutan viktig for kontakt med kollegar i inn- og utland. Ubbjur ser det difor som ynskjeleg at dei tilsette deltek på relevante kurs, seminar, reiser ol. også i 1997. Dette er ikkje minst viktig i tider med mellom anna auka internasjonalisering og auka behov for databasekunnskapar.