UiB : Universitetsbiblioteket : Det juridiske fakultetsbibliotekjur_head485.jpg (9242 bytes) : Tidligere utstillinger
[http://www.ub.uib.no/css/marg.htm]

Jul i jussen

Juleutstilling desember 2003


Jul i jussen

Er jula å finna i jussen? Dette spørsmålet er utgangspunktet for utstillinga Jul i jussen som Juridisk fakultetsbibliotek no viser.

Biblioteket presenterer smakebitar frå eiga samling, mellom anna Gulatingslova, Magnus Lagabøtes lov og Frostatingslova, med fokus på påbod og forbod knytt til jul og andre heilagdagar.

Lov om helligdager og helligdagsfred tek seg av julefreden. Biblioteket har funne fram forordninga av 1735 som lova byggjer på.

Alle typar rettskjelder er representert på utstillinga. Til dømes minner vi om NOU 1981:40, framlegget til Norsk Salmebok, som i si tid førte til diskusjonen om Deilig er jorden er ein julesong eller ikkje.

Dei som handhevar lov og orden også på heilagdagar, politiet, er sjølvsagt representerte, til liks med dei som med eller utan dom har site bak lås og slå i julehøgtida.

Utstillinga er utarbeidd av Kirsti Lothe Jacobsen og Britt-Inger Bjørsvik.

Velkomen til ei annleis juleutstilling!