Johan Sebastian Welhaven 1807 - 1873
 

1807 – 22. desember blir Johan Sebastian Cammermeyer Welhaven født i Bergen. Døypt i St. Jørgen Hospitalkyrkje i Marken der faren Johan Ernst Welhaven var prest for dei spedalske. Welhaven-slekta kom frå Tyskland medan mora, Else Cammermeyer, var danskætta. Dei budde i Domkirkegaten.

1817 – Byrjar på Bergen Katedralskole. Som norsklærar får han farens gamle venn, Lyder Sagen, som blir ein viktig inspirator. Elles får han stadig tilsnakk for overdriven munnbruk og manglande flid.

1825 – Welhaven tek ein god eksamen og reiser til Christiania for å studere ved Universitetet. Tek examen artium og les til førebuande prøver i to år.

1827 – Han tek "andreeksamen" med beste karakter i filosofi, elles dårlege karakterar. Fleire eksamenar tek han ikkje.

1827 – Han reiser heim til Bergen og studerer teologi med faren. Han held fleire preiker i kyrkjene i byen, men er ikkje motivert for teologistudiet. Det er kunstnar han helst vil vere. Året etter døyr faren, og sonen gjev opp studiane. Heretter må han klare seg sjølv, og det vil han gjere i Christiania.

Resten av livet er Welhaven knytt til Universitetetet, dei første åra som sentral person i Det Norske Studentersamfund. Her var han særleg aktiv i striden med Henrik Wergeland, hovudsakleg ein debatt om dikting og estetikk, den såkalla "Stumpefeiden" der Welhaven representerte  "intelligenspartiet" og Wergeland "norskhetspartiet". Welhavens første bøker handlar om dette:

1832 – Henr. Wergelands Digtekunst og Polemik
1834 – Norges Dæmring, et polemisk Digt – ei bok som utløyste "Demringsfeiden". 

1840 – Welhaven tilsett som universitetslektor i filosofi etter lang strid om tilsetjinga.
1846 – Han blir professor.

Welhaven held ei rekkje offentlege forelesingar om norsk litteraturhistorie.
Dei fleste er samla i boka: Ewald og de norske Digtere (1863).

Det er som lyrikar folk flest kjenner Welhaven i dag, først og fremst gjennom dei fem diktsamlingane: Digte (1838), Nyere Digte (1844), Halvhundrede Digte (1848), Reisebilleder og Digte (1851) og En Digtsamling (1860).

1867/68 – Welhavens Samlede Skrifter blir utgjevne.

1868 – Welhaven må trekkje seg frå stillinga si ved Universitetet på grunn av dårleg helse . Tildelt pensjon som blir redusert etter debatt i Stortinget. Same dag går studentar i fanetog til Welhavens bustad. Der blir m.a. Bjørnsons hyllestdikt "Lyt nu, Du lutende Sanger", sunge for første gong til tone av Edvard Grieg. Han kalla komposisjonen for "Serenade for Welhaven".

1873 – Welhaven døyr 21. oktober, 66 år gammal.

 

                                                                                                                          Heim   Innhald  Tilbake  Neste

 © Universitetsbiblioteket i Bergen, www.ub.uib.no