Bibliotek for humaniora
(tildl. HF-biblioteket) er ein del
av det faglege og pedagogiske tilbodet ved Det humanistiske fakultet. Vi er først og
fremst eit vitskapleg bibliotek og rettar tenestene våre mot
universitetet i Bergen (UiB). Målet er å tilfredsstille
informasjons- og dokumentasjonsbehovet hjå forskarar og studentar i Bergen.
Bibliotek for humaniora er eit læringssenter med over 50 PC-ar,
arbeidsplassar, leseplassar, grupperom, nye aviser og
tidsskrifter, referanseverk og eit omfattande utval av
elektroniske ressursar. Sjå oversyn over databasane i
Bibliotekportalen.
Samlingane: Bøker og tidsskrift
I biblioteket kan du gå rundt i seks etasjar og sjølv plukke ut den
litteraturen du vil lese eller låne. Det er dei mest brukte
bøkene som står framme i opne magasin. Bøker frå lukka magasin
må bestillast over nettet eller ved skranken, og hentast dagen
etter. Bøker som er utlånte, kan du reservere. Du vil då få
beskjed på epost når du kan hente dei. Det same med innlån frå andre
bibliotek. Sjekk alltid i
BIBSYS kor bøkene står.
Tidsskrifter og hovudoppgåver er ikkje til heimlån.
Her følgjer eit oversyn over samlingane som står framme:
5 Tidsskrifter: A – Mod
4 Tidsskrifter: Mod – Å
3 Skjønnlitteratur: Eldre tekstar, antologiar, norsk
2 Skjønnlitteratur: Annan nordisk, engelsk o.a.
Faglitteratur: Musikk, filosofi, religion
1 Skjønnlitteratur: Romansk, slavisk, germansk o.a.
Faglitteratur: Kulturfag, lingvistikk, kunst, teater, film
Referansesamling, aviser og tidsskrifter
U Faglitteratur: Litteraturvitskap, historie, arkeologi,
hovudoppgåver, folio
Stortingsforhandlingar, statistikk
Lån
Rutinar og reglar for lån av bøker og tidsskrift.
Trådlaust
nett i biblioteket
Korleis kople seg opp med eigen PC
|