Inkunablar -
dei første trykte bøkene
HF-biblioteket
ønskjer velkommen til ei utstilling om inkunablar.
Til utstillinga høyrer det ein katalog med omtale av bøkene.
For meir innsyn i kvar inkunabel,
gå til
www.ub.uib.no/avdeling/hf/inkunabel.
Ansvarlege:
Jan
Olav Gatland (tekst) og Pedro Vásquez (formgjeving).
Takka vere ivrige samlarar frå tida rundt stiftinga av Bergens
Museum i 1825, har Universitetbiblioteket ei omfattande samling
eldre manuskript og handskrivne bøker heilt tilbake til midten
av 1100-talet. Men interessa for inkunablar var tydelegvis ikkje
så stor. Biblioteket har berre sju.
Ein inkunabel er trykk frå prentekunstens
barndom då den låg "i vogga", frå latin incunabula
"vogge" eller "byrjing", jamfør det tyske ordet for inkunabel:
Wiegendruck = voggetrykk. Desse tidleg trykte bøkene blir
òg kalla oldtrykk eller paleotypar, frå gresk palaios
"gammal" og typos "preg, form". Som inkunablar reknar ein
bøker frå Johann Gutenbergs oppfinning i 1455
til og med år 1500. Dette året er vald fordi det på denne tida
skjedde ein overgang frå handpresse til maskinpresse.
Tidlegare hadde det vore laga bokstavar og
bokstavgrupper i treformer i eitt stykke som kunne brukast til
enkel "trykking" (jf. tresnitt). Dette blei no erstatta med
enkeltbokstavar i metall, medan skriftbiletet elles var ein
direkte kopi av mellomalderhandskriftene som inntil då
representerte den einaste kjende boktypen. Likskapen mellom dei
eldste boktrykka og handskriftene kan vere slåande, og det blir
hevda at handskrifta til visse bokavskrivarar kan gjenkjennast
som førebilete for dei støypte bokstavane i inkunablane.
Som handskriftene blei også mange av
inkunablane vakkert utsmykka med handkolorerte initialar,
miniatyrmaleri og ornamenrankar i borden, eller koparstikk som
vi finn i fleire trykk. Personane eller kunstnarane bak den
handmalte utsmykkinga er som regel ukjende.
Dei første tiåra blir bøkene trykte
utan tittelblad. I staden står gjerne tittelen litt framheva
øvst på første trykte side. Kolofonen med tekniske
opplysningar om boktrykkjar, trykkjestad og år følgjer heilt til
slutt i boka. Ein inkunabel har vanlegvis upaginerte blad med
trykk på begge sider. I ein inkunabel er det ikkje innhaldet som
alltid har mest interesse, men snarare det edisjonsfilogiske,
bokhistoriske, typografiske og lingvistiske aspektet.
Verdas eldste inkunabel og trykte bok er
Johann Gutenbergs 42 linjers bibel, Biblia Latina Vulgata,
trykt i to store foliobind på nær 1300 sider. I løpet av dei
første femti åra blei det trykt over 100 ulike bibelutgåver, dei
fleste på latin, men òg på andre språk.
Universitetsbibliotekets eldste inkunabel
er ikkje overraskande ein Biblia Latina, trykt i Venezia
i 1476 av Nicolaus Jenson. Øverst på første tekstside står
følgjande "tittel": Incipit epistola Sancti Hieronymi ad
Paulinum presbyterum de omnibus divine historie libris –
"[Her] byrjar St. Hieronymus' brev til presten Paulinus om alle
bøkene i den heilage historia."
Vår latinske bibel er på 940
upaginerte sider i to spalter, kvar på 52 linjer, med sirleg
handmalte initialar og miniatyrar. Nicolaus Jenson var ein av
dei mest aktive boktrykkjarane på denne tida. Han gjekk i lære
hos Johann Gutenberg i Mainz, starta sitt eige trykkeri i
Venezia i 1470 og er kjend for sine vakre bøker og gode
typografi. Bibelen blei kjøpt på eit antikvariat i 1976.
|