Marcus Antonius Coccius Sabellicus: In natalem diem dive Virginis Mariae Elegiae XIII.
Tillegg: Gregorius Tifernas: Hymnus in virginem dei matrem og
Mapheus Vegius:
Salutatio Virginis diuae Mariae.                                                                                                              Deventer: Jacobus de Breda, 1492. 36 s. 4o

Heim   Intro.   Innhald   v Tilbake   Neste w  

 

Denne inkunabelen inneheld tre elegiar til den guddommelege Jomfru Marias fødselsdag, som er den 8. september. Elegi var i antikken eit dikt skrive i distika: eit tolinjers versepar av heksameter og pentameter. Forfattaren av den første og lengste hyllesten er den italienske humanisten og historikaren Marcus Antonius Coccius Sabellicus (1436-1506), som var professor i Venezia. Frå 1487 arbeidde han som kurator ved San Marco-biblioteket.

På dei fem siste sidene er det lagt til to andre elegiar til Jomfru Maria: Hymnus in virginem dei matrem av Gregorius Tifernas (eller Gregorio da Tiferno, 1419-1469), som var professor i Paris, og Salutatio Virginis diuae Mariae av Mapheus Vegius (eller Maffeo Vegio, 1407-1458). Den sistnemnde var ein populær italiensk diktar, i dag mest kjend for sin 13. bok av Vergils Aeneiden.

Skriftet vårt er på 36 upaginerte sider med gotisk skrift i vanleg oktavformat (ca 14,5x21 cm). Kolofonen heilt til slutt lyder: Impressa Dauetrie iuxta scholas Per Iacobu de breda. Dette viser at også denne boka er trykt i Deventer, og trykkjaren er Jacobus de Breda, ein annan av byens kjende trykkjarar frå denne tida. Innbindinga er av nyare dato.

Proveniens: Ei plausibel forklaring synest å vere at desse to gamle og sjeldne bøkene blei kjøpte og tekne med hit av ein lærd bergensar som vi veit studerte i det katolske Nederland tidlig på 1500-tallet, nemleg biskop Geble Pederssøn. Han skal sjølv ha hatt eit rikhaldig bibliotek, fortel Absalon Pederssøn Beyer i dagboka si, i tillegg til at han kjøpte og gav fleire bøker til Bergen Katedralskole i åra etter reformasjonen. Desse gamle verdifulle og tydeleg brukte bøkene har såleis vore til nytte og glede for bergenshumanistane og andre kjende og ukjende bergensarar, deriblant Ludvig Holberg.

Frå katedralskolen er det vidare rimeleg å tru at dei litterære godbitane kan ha funne vegen til Bergens Museum og biblioteket via Jacob Neumann. Han var biskop i Bergen i 1820-åra og ein av grunnleggjarane av Bergens Museum i 1825. Som styremedlem og aktiv samlar er det truleg han universitetsbiblioteket har å takke for dei to nemnde inkunablane.

Fire andre sjeldne trykksaker – to frå Deventer og to frå Tyskland – har truleg følgd same vegen til UBs samlingar. Dei er 20 år yngre og dermed ikkje inkunablar:

Antonius Mancinellus:  Carmen de figuris. Deventer: Theodoricus de Borne, 1512. 28 s. 4o
           
(Eit verk om retorikk i verseform.)

Baptista Mantuanus: Parthenice secunda de passione virginis Catharinae. Deventer: Albert Pafraet, 1513. 50 s. 4o             (Ein dikthyllest om lidinga til jomfru Catharina.)

Quintus Horatius Flaccus: Carmina. Strassburg: Matthias Schürer, 1517. 120 s. 4°
           (Utdrag frå Horats Odar, som òg finst i norsk omsetjing.)

Publius Ovidius Naso: Epistole heroidum. Köln: Peter Quentell, 1518. 134 s. 
           (
Ovids mytiske kjærleiksbrev, Heroides, frå ca år 0 kom i norsk utgåve i 2001.)

 

 

 

       

           © Universitetsbiblioteket i Bergen www.ub.uib.no