Petrus de Crecentiis: Epistola commodorum ruralium.
Strassburg: Georg Husner, 1486, 292 s. 2o

Heim   Intro.   Innhald   v Tilbake   Neste w   

 

Dette verket opprinneleg frå 1306 er skriven av italienske Petrus de Crescentiis (1230-1321). Namnet blir stundom skrive Petrus de Crescentius eller Pietro de Crescenzi. Han studerte medisin og juss ved Universitetet i Bologna, og jobba ei tid som dommar før han konsentrerte seg om arbeidet heime på eigen gard. Boka er sagt å vere det mest originale mellomalderverket om landbruk, gardsbruk og hagebruk. Dei 12 bolkane handlar om ulike tema som t.d. plantar, vindyrking, dyrehald, birøkt og jakt. Boktittelen har variantar som Ruralia commoda eller Opus ruralium commodorum.

Vårt latinske eksemplar av boka er i kvartformat (ca 27x19,5 cm). Eit eige tittelblad seg ut til å mangle. Dei 292 upaginerte sidene er trykte i to spalter med utførlege, vakre handkolorerte initialar i blått og raudt. Men om boka er vakker, er den ikkje spesielt sjeldan. Den var ei av dei første bøkene som blei trykte, i Augsburg i 1458. Vidare er den blant dei få tekstane som i den inkunable perioden blei trykte i fleire utgåver og variantar, til saman i 13 utgåver ved ulike trykkeri, nokre av dei med flotte tresnitt. I tillegg til seks ulike utgåver på latin, blei den omsett til både italiensk, tysk og fransk.

Kolofonen sist i boka inneheld opplysninga Impressum est Argentine, som indikerer at trykkjestaden er i den då tyske byen Strassburg (fr. Strasbourg), kjend for romarane som Argentoratum (sølvfestning). Trykkjaren Georg Husner (aktiv 1473-1505) blir ofte berre omtalt som han som trykte Jordanus de Quedlinburg i 1483.

 

Innbindinga er av nyare dato. 

Proveniens: Denne inkunabelen kom som gåve frå Universitetsbiblioteket i Uppsala til opninga av det nye Universitetsbiblioteket i Bergen i 1961.

 

           © Universitetsbiblioteket i Bergen www.ub.uib.no