Inkunablar ved Universitetsbiblioteket i Bergen

Biblia Latina

Collecta Magistralia

Jacob deFusignano

Petrus de Crescentiis

 

Universitetsbiblioteket i Bergen er eit relativt nytt universitetsbibliotek, oppretta i 1946, men med ei grunnsamling som går tilbake til stiftinga av Bergens Museum i 1825. Takka vere ivrige samlarar har Universitetsbiblioteket ei stor samling eldre manuskript og handskrivne bøker heilt tilbake til midten av 1100-talet. Men inkunablar har vi berre sju av. Ein inkunabel er trykk frå prentekunstens barndom då den låg "i vogga", frå latin incunabula "vogge" eller "byrjing", jamfør det tyske ordet for inkunabel: Wiegendruck = voggetrykk. Desse tidleg trykte bøkene blir òg kalla oldtrykk eller paleotypar, frå gresk palaios "gammal" og typos "preg, form". Som inkunablar reknar ein bøker frå Johann Gutenbergs oppfinning i 1455 til og med år 1500. Dette året er vald fordi det på denne tida skjedde ein overgang frå handpresse til maskinpresse.

Tidlegare hadde det vore laga bokstavar og bokstavgrupper i treformer i eitt stykke som kunne brukast til enkel "trykking" (jf. tresnitt). Dette blei no erstatta med enkeltbokstavar i metall, medan skriftbiletet elles var ein direkte kopi av mellomalderhandskriftene som inntil då representerte den einaste kjende boktypen. Likskapen mellom dei eldste boktrykka og handskriftene kan vere slåande, og det blir hevda at handskrifta til visse bokavskrivarar kan gjenkjennast som førebilete for dei støypte bokstavane i inkunablane.

Som handskriftene blei også mange av inkunablane vakkert utsmykka med handkolorerte initialar, miniatyrmaleri og ornamenrankar i borden (bordyrar), eller koparstikk som vi finn i fleire trykk. Personane eller kunstnarane bak den handmalte utsmykkinga er som regel ukjende. Dei første tiåra blir bøkene trykte utan tittelblad. I staden står gjerne tittelen litt framheva øvst på første trykte side. Kolofonen med tekniske opplysningar om boktrykkjar, trykkjestad og år følgjer heilt til slutt i boka. Ein inkunabel har vanlegvis upaginerte blad med trykk på begge sider. I ein inkunabel er det såleis ikkje innhaldet som alltid har mest interesse, men snarare det edisjonsfilogiske, bokhistoriske, typografiske og lingvistiske aspektet.

Verdas eldste inkunabel og trykte bok er Johann Gutenbergs 42 linjers bibel, Biblia Latina Vulgata, to foliobind på nær 1300 sider. I løpet av dei første femti åra blei det trykt over 100 ulike bibelutgåver, dei fleste på latin, men òg på andre språk.

Den første boka trykt i Norge, var En ny Allmanack paa det Aar effter Jesu Christi Fødsel, 1644. Den blei trykt i 1643 av den danske boktrykkjaren Tyge Nielssøn, som hadde flytta trykkeriet sitt til Oslo. Første bok på samisk i Norge blei trykt i Trondheim i 1767.

 
   

 Innhald

 

Quintus   Horatius Flaccus

Marcos Antonius Coccius Sabellicus

Bernadinus de Bustis

 

Innhald

 

 

          © Universitetsbiblioteket i Bergen www.ub.uib.no