Quintus Horatius Flaccus: Ars poetica.
Deventer: Richard Pafraet, ca 1490. 22 s. 4o

Heim   Intro.    Innhald    v Tilbake   Neste w    

 

Dette er ei av dei første trykte utgåvene av den romerske forfattaren Horats (65-8 f.Kr.) sitt kjende brev om diktekunsten, Ars poetica, frå ca år 10 før Kristus. Siste norske utgåve er frå 1997.

Trykkjestaden er ikkje oppgjeven, men nedst på siste side står følgjande opplysning: In pressura plateae episcopi, det vil seie trykt i bispegårdens presse. Denne nemninga er kjend som "adressa" til trykkjaren Richard Pafraet i den nederlandske byen Deventer, det viktigaste senteret for tidleg bokproduksjon i Nederland. Pafraet var ein av landets mest profilerte trykkjarar og starta det første trykkeriet i Deventer i 1477. Han var aktiv til 1512. Deventer var bispesete, og dessutan tilhaldsstad for «brødre av det felles liv», ei lekmannsrørsle med ein berømt skule med elevar som t.d. Thomas à Kempis, Erasmus av Rotterdam og seinare pave Hadrian 6.

Denne vesle trykksaka er på 22 sider med gotiske bokstavar: 480 linjer fordelte på 20 upaginerte trykksider à 24 linjer, i tillegg til eit beskjedent "tittelblad" og den ekstra linja med trykkestad til slutt. Formatet er i vanleg oktav, ca 14,5x21 cm.

Denne inkunabelen er relativt sjeldan. For nokre år sidan visste ein berre om tre andre eksemplar. Vår bok har dessutan eit handskrive tillegg som gjer henne til eit absolutt unikum. På dei to siste, blanke sidene har ein skrivar frå omkring år 1500 ført inn to latinske dikt som hyllar ankomsten til den spanske kardinal Alfonso Carillo i Bologna 25. august 1420. I tillegg har den same skrivaren fylt den første sida med notatar, truleg ulike alkymistiske utgreiingar, jf dei digitaliserte avbildingane.

 

Innbindinga er av nyare dato.

Proveniens: Den same som Sabellicus, sjå neste bok.

 

           

           © Universitetsbiblioteket i Bergen www.ub.uib.no