Jacobus de Fusignano: Tractatus sollennis de arte vero modo predicandi.
Memmingen. Albrecht Kunne, 1483. 22 s. 4o
   

Heim   Intro.   Innhald   v Tilbake      Nestew    

 

Denne vesle trykksaka er ei utgreiing om den sanne preikekunsten og er skriven av Jacobus de Fusignano først på 1300-talet Tittelen blir også skriven Tractatulus solemnis... eller berre Ars (De arte) praedicandi. Thomas Aquinas blir ofte feilaktig oppgjeven som forfattar.

Boka er trykt i Memmingen i Bayern av Gutenbergs elev Albrecht Kunne (1430-1520). Vårt eksemplar er på 22 sider i kvartformat (ca 14x19 cm) med tekst i to spalter. Teksten har marginalar. På siste side har personen "Johannes" skrive ei from avslutning på latin, eit bibelord frå Forkynnarens bok 12.13: "Til sist kan alt samlast i dette: Ottast Gud og hald hans bod."

Innbindinga er mjukt pergamentbind av nyare dato.

Proveniens: Gåve til Vestlandske Kunstindustrimuseum i 1915 frå greve Alfred von Oberndorff, tysk ambassadør i Noreg 1912–1916. Overført til Universitetsbiblioteket i 1956.

 

 

 

 

           © Universitetsbiblioteket i Bergen www.ub.uib.no