Collecta magistralia per adventum domini de formatione hominis moralis.
Nürnberg: Friedrich Creussner, 1479. 124 s. 2o

Heim   Intro.   Innhald  v Tilbake   Neste w    

 

Denne boka er ei lita avhandling om danninga av det moralske mennesket. Forfattaren er ukjend, men verket har tidlegare vore tilskrive Robertus Caracciolus. Dette er den første trykte utgåva av verket.

Vårt eksemplar er i kvartformat (ca 28,5x22 cm), 124 trykte sider i ei spalte, 35 linjer med handkolorerte initialar i raudt. Andre store bokstavar er også markerte med raudt.

Friedrich Creussner (aktiv 1472-99) var ein av de første boktrykkjarne i Nürnberg. Boka er trykt med hans første typar i halvgotisk skrift.

 

Innbinding: Nyare pergamentbind med skinnspenner og med namnet Robertus Caracciolus feilaktig skrive på ryggen.

Proveniens: Vårt eksemplar er kjøpt i 1961 hos Damm & Søn.

 

 

 

            © Universitetsbiblioteket i Bergen  www.ub.uib.no