Biblia Latina.
Venezia: Nicolaus Jenson, 1476. 940 s. 2o

Heim   Intro.   Innhald  v Tilbake    Neste w     

 

Universitetsbibliotekets eldste trykte bok er ikkje overraskande ein latinsk bibel trykt i Venezia i 1476. Øverst på første tekstside står følgjande "tittel": Incipit epistola Sancti Hieronymi ad Paulinum presbyterum de omnibus divine historie libris. Dette tyder "[Her] byrjar St. Hieronymus' brev til presten Paulinus om alle bøkene i den heilage historia." Kolofonen til slutt fortel at bibelen er trykt i Venezia hos Nicolaus Jensson i 1476: Biblia impressa Venetiis opera atqe impensa Nicolai Jenson Gallici.M.ccccc.lxxvj.

Vår Biblia Latina er i kvartformat (ca 27,5x19,5 cm), 940 sider i to spalter, kvar på 52 linjer, med sirleg handmalte initialar og miniatyrar. Særleg bladet etter prologen er vakkert dekorert med gull og ornamentrankar. 

Boka er trykt av franskfødte Nicolaus Jenson (1420-80) som var ein av dei mest aktive boktrykkjarane på denne tida. Han gjekk i lære hos Johann Gutenberg i Mainz og starta sitt eige trykkeri i Venezia i 1470. På ti år trykte han rundt 150 bøker. Han er kjend for sine vakre bøker og gode typografi. Nicolas Jenson skal ha vore den første som skar og støypte ein antikva. Ein "reklame" frå 1482 skildrar Jensons skrift: "hindrar ikkje augene, men hjelper dei snarare og gjer dei godt. Desutan er typane så intelligent og omhyggjeleg utvikla at bokstavane verken er mindre, større eller tjukkare enn det fornufta eller gleda krev."

Innbinding: Eldre lyst pergamentbind med Biblia Sacra 1476 trykt på ryggen.

Proveniens: Vårt eksemplar er kjøpt av eit antikvariat i Oslo i 1976.

 

 

 

 

 

 

        © Universitetsbiblioteket i Bergen www.ub.uib.no