Bernadinus de Bustis: Mariale singulis festivitatibus beate virginis.
Strassburg: Martin Flach, 1498. 755 s. 2o

Heim   Intro.   Innhald    v Tilbake   Neste w     

 

Mariale tyder det som handlar om Maria. Med sine 63 preiker (traktatar) er teksten eit langt skrift til ære for Jomfru Maria og inneheld m.a. eit forsvar for jomfrufødselen, og at Jomfru Maria var heilt utan synd sjølv om ho
var blitt svanger. Dette omfattande verket er skrive av fransiskanarmunken Bernardinus de Bustis (eller Bernardin 
de Busti, 1450-1515) frå Milano. Han var ein viktig forfattar av asketiske og homiletiske tekstar, og hans Mariale fekk stor utbreiing. Trykkjaren Martin Flach (1445- ca 1511) var frå Basel og aktiv i den då tyske byen Strassburg (fr. Strasbourg).

Vårt eksemplar er i kvartformat (ca 26x19 cm). Det er skrive på latin, 755 sider trykte i to spalter, 54 linjer. Mange handkolorerte initialar i raudt. Andre store bokstavar er også markerte med raudt. Marginalar.

Innbinding av papp med gullforgylt skinnbind i ryggen i to fargar (litt defekt).

Proveniens: Vårt eksemplar er kjøpt av Børsums forlag og antikvariat i 1969.

 

 

 

 

            © Universitetsbiblioteket i Bergen www.ub.uib.no